Åtte gonger Erna var stjerna

Torsdag var Erna Solberg sin siste dag som statsminister, etter åtte år i sjefstolen.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om at Korona påverka søvnen vår – og vil halde fram med å gjere det og om Emilie Enger Mehl (28), som blir tidenes yngste justisminister.

Erna Solberg har mange gonger vist oss at ho er med på det meste, her er nokre av gongene Erna var stjerna dei siste åtte åra.

1. Då ho levde i ein middelalder-musikal

I 2014 fekk ho med seg hoffnarrane Ylvis som ga ho eit heilt unikt soundtrack for dagen. Diverre greide dei ikkje få med heile pin-koden hennar i songen.

2. Då ho droppa mikken

Nei, vil ikke, svara Erna Solberg på Twitter i 2018. Skjermdump.

Dette svaret har ho blitt sitert på eit utal gonger, både i gode og mindre gode ordelag. Spørsmålet som vart stilt var om ho kunne legalisere marihuana. Det ville ho altså ikkje.

3. Då ho gama Fortnite

Solberg er glad i nytte høve til å dukke opp uventa stader og vere så folkeleg som mogleg. Så då «NoobworK» inviterte ho til guterommet for eit slag Fortnite, takka ho sjølvsagt ja – og tok nicket «Jern-Erna».

4. Då ho cruisa på sjøen

Boss-lady på båttur.
(Dette er eit klipp frå hennar stories på Instagram som er lasta opp på TikTok med musikk.)

5. Då ho svinga seg i dansen

Det var 17. mai. Korona la framleis ein dempar på alt av store samlingar og fest, og NRK drog fram Grunnlovsdansen frå 2014. Dei fekk med heile Noreg, sjølvsagt også inkludert Erna Solberg og regjeringa.

6. Då ho ufrivillig laga ein hit

12. mars 2020 var ein historisk dag. Landet skulle stengast ned, dei strengaste restriksjonane sidan krigen vart sett i gong. Og ein skulle slutte å handhelse. Det var litt vanskeleg å hugse på etter ei heil pressekonferanse om dette, og Solberg ga oss det som vart korona-låta.

Høie avverger handhelsing mellom Solberg og Stoltenberg. Foto: Lise Åserud / NTB

7. Då ho kyssa ei sjøløve

Foto: Marit Hommedal / NTB

Under valkampen i 2017 var Erna Solberg heime i gamle trakter. Solberg hadde sommarjobb på akvariet i Bergen i sin ungdom. Her fekk ho smellkyss frå ei sjøløve då ho var på besøk.

8. Då ho var mafiaboss

Ein køddar ikkje med nasjonalkjensla og kjærleiken til langrennssporten. Då får ein mafiaboss Erna Solberg på nakken.