Falsk Bernie Sanders skremde turgåarar i Bergen

Facebook-fenomenet Dangfart Tønnessen har latt seg inspirera av klesstilen til den amerikanske politikaren Bernie Sanders.

«Bernie Tønnessen – en bror fra en annen mor,» skriv profilen Dangfart Tønnessen på Facebook.

Ifølgje Facebook-sida er Tønnessen ein 88 år gamal mann frå Mannsverk i Bergen, som engasjerer seg i så mangt. I verkelegheita er han ein langt yngre mann, som likar å finne på sprell.

Saka var først publisert i Framtida.

Då Dangfart Tønnessen stilte opp i Bernie-inspirert habitt i heimbyen Bergen, fekk folk seg både ein god latter og ein støkk.

Sjå videoen her:

Verdskjende strikkevottar

Etter at Joe Biden vart innsett som USA sin 46. president, har antrekket til meddemokrat Bernie Sanders teke internett med storm.

79 år gamle Sanders kledde seg for både vêr og korona med ei varm jakke, medisinsk munnbind og eit par heimelaga vottar, som har fått internett til å gå berserk.

Bileta av Sanders som sit med armar og bein i kryss på ein klappstol har vorte eit populært meme. Dangfart Tønnessen var til forveksling lik og har fått mange tusen likarklikk og nesten 900 delingar på stuntet.

Likte du denne saka? Her kan du lesa liknande saker frå Framtida.