Tilbakeblikk på pandemitida: – Me har jobba for fellesskapet

Etter eit og eit halvt år med unntakstilstand, heimeskule, avstand og antibac, er det no tilbake til normalen i heile Noreg. Desse jentene ser tilbake på korleis koronatida har vore.

– Me har stått på i snart to år. Ikkje for oss sjølv, men for andre. For dei eldre og dei som dette viruset er kjempefarleg for, seier Aurora Haltbrekken Burkeland (14).

Noreg har opna opp. Alle tiltak me er blitt vande til, er blitt oppheva. Det er ikkje lenger naudsynt å halda ein meter til vennen frå eit anna trinn. No er det lov å klemma alle me vil. Maria Vaagland (15) fortel at det siste året har handla om solidaritet.

– Me har jobba for fellesskapet, seier ho.

– Eg har aldri vore redd for å bli smitta sjølv, men eg har vore veldig redd for å smitta andre, seier Margit Øversjøen Brekke (14).

Les også: I morgon opnar Noreg opp: – No kan me så og seia leva som me gjorde før pandemien

Jubla då dei fekk heimeskule

At det allereie har gått 18 månader sidan Noreg innførte dei strengaste tiltaka sidan krigen, er rart å tenkja på. Jentene hugsar godt dei hektiske dagane i mars i fjor.

Flokkdyr: Jentene seier at dei til ein viss grad føler at politikarane har tatt vare på barn og unge under pandemien. – Politikarane har gjort så godt dei kan, men det har vore rare prioriteringar. Heimeskulen var for eksempel veldig demotiverandre, og veldig tøft for mange. Me menneske er flokkdyr, og må vera sosiale med kvarandre, seier dei.

– Eg hugsar at eg tenkte at viruset ikkje ville komma til Noreg så kjapt. Heile klassen vår feira då me fekk beskjed om at me skulle ha heimeskule. Me tenkte ikkje at det kom til å ha så mykje negative konsekvensar, seier Heley og forset:

– Eg vart veldig skuffa då eg fann ut at alt eg såg fram til, kom til å bli avlyst.

Jentene fortel at dei var sikre på at dette kom til å vera over på eit par vekers tid. Men slik vart det ikkje. I alle fall ikkje i Oslo, der dei bur. Dei føler at det har hatt mykje å seia kor i landet ein har budd i koronatida og beskriv kjensla av å falla bakpå.

– Me må ta att mykje

– Folk som kjem frå mindre plassar har komme mykje lenger enn oss både på trening og på skulen. Me har mykje me må ta att, seier Aurora.

No spørs det korleis samfunnet reagerer på at me er nærare kvarandre enn me har vore på nesten to år. Jentene trur at me på eit eller anna tidspunkt faktisk berre må stoppa å testa og gjera tiltak, og håpa at korona-pandemien blir som ein influensa.

– Eg håpar at me kjem fram til at korona ikkje var så farleg som me trudde, seier Maria.