I morgon opnar Noreg opp: – No kan me så og seia leva som me gjorde før pandemien

Noreg opnar opp att i morgon, 25. september klokka 16.00. Då blir dei aller fleste nasjonale smitteverntiltaka fjerna.

Slik blir den nye kvardagen
  • Avstandskravet blir avvikla
  • Stopp i innslepp på serveringstader blir avvikla
  • Avgrensingar på deltakarar på arrangement blir avvikla
  • Dei globale reiseråda blir oppheva frå 1. oktober
  • Krav om karantenehotell blir avvikla
  • Barn under 18 år slepp innreisekarantene
  • Det er fortsatt krav om å isolera seg viss ein har korona
  • Trafikklysmodellen er utgangspunkt når det gjeld smittevern i skular og barnehagar
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, bør du testa deg. Dette gjeld også dei som har fått vaksine
  • Uvaksinerte husstandsmedlemmer til ein som er vorte smitta, bør testa seg og gå i karantene, uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test.

Kjelde: Regjeringa

LES FAKTALUKK FAKTA

– I dag er det 561 dagar sidan me innførte dei strengaste tiltaka i fredstid. Frå i morgon kl. 16.00 fjernar me dei aller fleste nasjonale smittevernstiltaka.

Det seier statsminister Erna Solberg på fredagens pressekonferanse.

– No kan me så og seia leva som me gjorde før pandemien ramma oss. Eg trur ikkje alt blir som før. Eg trur korona vil prega oss resten av livet, på godt og vondt. Me har lært kor sårbare me er og kor mykje me kan få til om me står saman, seier Solberg.

Sidan det er så mange i Noreg som er blitt vaksinerte, har regjeringa tatt avgjersla om å opna opp att landet.

– Over 90 prosent av dei som er over 18 år i Noreg har fått første dose med vaksine. Me forventar at dei vil vera fullvaksinert innan eit par veker, seier ho.

Kjem til å vera blant oss

Sjølv om Noreg no opnar meir opp, vil viruset framleis vera i samfunnet. Solberg fortel at det gjer at nokon vil bli smitta og sjuke.

– Me må læra å leva med viruset. Derfor er det viktig at dei som ikkje er vaksinert, blir det.

Ho oppfordrar alle som føler seg litt pjusk, til å testa seg.

– Har du symptomar på luftvegsinfeksjon må du testa deg. Du kan gå på jobb eller skule med lette symptom, om du testar negativt.

Gler du deg til ein kvardag utan smitteverntiltak?

Gler du deg til ein kvardag utan smitteverntiltak?

Ja! Eg skal klemma alle!29
Nei, det er litt skummelt1
Eg veit ikkje heilt8
Svar totalt: 38