Det regnar mikroplast

Kvart år regnar 1000 tonn mikroplast ned over verna naturområde i det vestlege USA.

Frå desse naturområda rører mikroplasten seg vidare ut i naturlege økosystem. Det viser ny forsking frå Utah State University.

Mikroplast er plastpartiklar som måler mindre enn 5 mm. Dei stammar for det meste frå tekstil, maling eller frå større bitar plast som blir brote ned i naturen, skriv Illustrert Vitenskap.