Har funne mikroplast i heile Nordishavet

Den mest sannsynlege kjelda er kledevask frå Europa og Nord-Amerika.

Dei siste åra har forskarar funne mikroplast nesten over heile jordkloden – frå toppen av det høgaste fjellet til det djupaste punktet i havet.

Dette gjeld også Nordishavet, utanfor Noreg.

I ei fersk undersøking fann forskarar ut at havet er forureina med mikroplast. Dei små fibrane som er bitar eller trådar av plast, og ofte så små at me menneske ikkje har moglegheit til å sjå dei utan hjelp, vart funne over heile Arktis, skriv NewsForKids.

Funn i alle prøvar

Ei gruppe forskarar, som kallar seg Ocean Wise, testa Nordishavet. Dei tok prøvar under havoverflata, og fann mikroplast på alle prøvane. For å finne ut kva partiklar dei fann, brukte forskarane eit hjelpemiddel som er laga av infraraudt lys. Det er eit slags lys menneske ikkje greier å sjå. 

Over 92 prosent av funna var små trådar, som me kallar mikrofiber. Desse stammar frå klede, som hamnar i havet når me vaskar dei i vaskemaskin.

For å unngå at mikroplast frå kleda våre hamnar i havet, må me prøva å ikkje vaska dei så ofte. Foto: Pixabay

Visste du at?

Nordishavet, som også blir kalla Polhavet, er det minste av dei fem verdshava på jorda. Dei andre verdshava våre heiter Atlanterhavet, Indiahavet, Stillehavet og Sørishavet.

Noreg, Russland, USA, Canada, Grønland og Island har kysten sin mot Nordishavet.