Store mengder mikroplast funne i snøen i Arktis

Forskarar har funne store mengder mikroplast i snøen i Arktis.

I ein liter vatn frå Grønland fann forskarane 14.000 bitar med plast. Mikroplast blir frakta med vindane over lange avstandar til dei fjernaste regionane på kloden. Dette skjer på same måte som støv, pollen og eksospartiklar.

– Vi venta å finne mikroplast, men vi er likevel overraska over dei enorme mengdene, seier Melanie Bergmann ved Alfred-Wegener-instituttet i Tyskland til Framtida.no.

Melanie Bergmann seier at dei fann den høgaste konsentrasjonen av mikroplast i snøen frå dei bayerske Alpane, der ein prøve viste 150.000 partiklar per liter.

Det var NPK-NTB-AP som fyrst omtala saka.