Denne krabaten har 22 gonger så rask kvilepuls som menneske

Spissmusa har eit lynraskt hjarta i forhold til oss menneske.

Kva er puls?
  • Du kan kjenna pulsen din om du kjenner på huden over ei arterie, for eksempel på handleddet eller på halsen.
  • Slaga du kjenner er hjarteslaga sin puls. Derfor kallar me arteriane for pulsårer.
  • Pulsen til eit menneske kan variera frå ein stad mellom 40 og 220 slag i minuttet.
LES FAKTALUKK FAKTA

Medan menneske sin kvilepuls i gjennomsnitt ligger på om lag 70 slag i minuttet, har pygméspissmusa eit hjarte som kan slå opp mot 1511 slag i minuttet.

Det er raskt, det!

Mindre blodkar enn menneske

Hjarta til små dyr slår veldig raskt fordi dei har mykje mindre blodkar enn oss menneske, skriv Illustrert Vitenskap.

Det betyr at blodsirkulasjonen deira opplever mykje meir motstand frå veggane til blodkara, og derfor må det meir kraft til for å få til å skyva blodet rundt om i kroppen.

Lurer du på kor rask pulsen din er? Finn fram ein stoppeklokke og tell ned frå eitt minutt, medan du legger peikefingeren din over pulsåra på halsen. Tell kor mange slag du får på eit minutt.