Kan vera mogleg med liv på ny type planet

Me må ikkje berre leita etter liv på planetar som er lik jorda, meiner forskarar.

Forskarar har stort sett fokusert søket sitt etter liv på planetar som liknar Jorda på storleik, atmosfære og varme. Dette har gitt meining fordi Jorda er den einaste planeten me veit om som har liv.

No viser ei ny forskning at forskarane kan ha leitt etter nytt liv på feil type planet, ifølgje KidsNews.

Hycean-planetar

Ei rekkje forskarar frå University of Cambridge i Storbritannia, har nemleg funne fram til ein ny type planet som er veldig annleis enn jorda, men som dei likevel meiner har gode forutsetningar for liv. Desse planetane kallar dei for hycean-planetar.

Hycean-planetane er varme klodar som er dekt med hav, og med mykje meir hydrogen i atmosfæren enn Jorda. Dei er også større enn Jorda. Nokre er nesten like store som planeten Neptun.

Hycean-planetane er meir vanlege og lettare å sjå enn planetane som liknar jorda. Sjølv om dei er veldig annleis enn Jorda, trur forskarane at liv, som mellom anna bakteriar og mikroorganismar, kan trivast der.

Ein illustrasjon av James Webb Space Telescope, som NASA planleggjer å senda til verdsrommet i slutten av 2021. Foto: NASA

Nytt teleskop

Stemmer dette, betyr det at me plutselig får veldig mange fleire plassar å leita etter liv på. Kanskje kan det også bety at forskarane vil greia å finna liv på andre planetar enn Jorda innan kort tid.

Forskarane har funne fleire Hycean-planetar som dei vil undersøka vidare. Planetane det er snakk om, går i bane rundt små og svake stjerner, som er mellom 35 og 150 lysår frå Jorda.

Snart skal det nye teleskopet James Webb Space Telescope bli sendt ut i verdsrommet. Forskarane meiner det vil fungera godt til å studera hycean-planetar.

– Me må vera opne om kvar me kan forventa å finna liv og om kva form livet kan ha. Naturen held fram med å overraska oss på ufattelege måtar, seier Dr Nikku Madhusudhan, som står bak forskninga.