Elevane fekk ei uvanleg skuleveke: Laga til «Kompani Lauritzen» på skulen

6. trinn på Lunner skole bytta vanleg timeplan og lekser med samarbeid, spinoasje og slutta orden. No har dei dimittert frå Kompani LUB.

– Eg ville ha ei veka til, eg, seier Magnus Ensrud (11).

– Me er veldig glad for at me fekk lov å ha ei slik veka på skulen, seier Marte Løvaas (12).

Erika Lund (12) og Sølve Linvollen Brorson (12) nikkar enig. Saman med resten av 6. trinn på Lunner barneskole har dei vore gjennom ei kjekk, men også slitsam veke.

Lærarane stilte rett før sommaren i stand Kompani LUB, som var inspirert av TV-programmet «Kompani Lauritzen». Målet var at trinnet skulle knyta tettare band – samtidig som dei jobba mot faglege mål.

Leksefri: 6. trinn brukte ei heil veka på Kompani LUB. Lærarane la vekk timeplanen og elevane hadde ikkje lekser.

Ei veka for samarbeid

Lærar Chistin Flatum og fortel at veka har vore ein del av temaet Livsmeistring i skulen.

Livsmeistring skal bidra til at elevane lærer korleis dei skal takla både medgang og motgang, og personlege og praktiske utfordringar på best mogleg måte. Temaet passa godt saman med Kompani LUB, der oppgåvene har vore varierte og i ulik grad utfordrande.

– Samarbeid var temaet for veka. Me lærte førstehjelp, spionasje og disiplin. På slutten av veka overnatta me i telt etter ein sykkeltur, seier Erika, Magnus, Marte og Sølve.

Vil gjera det same: Fleire har fått opp augene for det lærarane har stelt i stand. – Me har fått fleire spørsmål frå andre som lurer på om me kan senda dei undervisningsopplegget, seier lærar Christin.

Helsing frå obersten

Det var mange på trinnet som ikkje hadde sove ute før, men det var ikkje noko problem.

– Teltturen var det kjekkaste. Når klokka var 23 på kvelden måtte Major Berg (lærar) gå rundt og seia at det skulle vera stille i telta. Me hadde det så kjekt, seier elevane og legg til:

– Det er kjedeleg å sitja inne heile veka. Det er kjekt å læra å samarbeida.

Noko anna som var kjekt, var at dei fekk ei personleg helsing frå sjefen sjølv, oberst Dag Otto Lauritzen. Han hadde fleire gode tips på lur.

– Han sa at det var viktig å samarbeida, men også å ha det gøy.

Magnus, Sølve og Marte nikkar stort når dei får spørsmål om dei vil i det ekte militæret når dei blir større. Men Erika er litt usikker.

– Eg blir så fort kald, seier Erika lattermildt.