Greier me ikkje å kutta store klimautslepp raskt, vil ifølgje rapporten fleire område på jordkloden oppleva ekstrem varme, regn og flaum i tida som kjem.
Forskarane fann også ut at global oppvarming skjer raskare enn me har trudd til no, og at menneskeleg aktivitet endrar klimaet på måtar som aldri er sett før.
– Rapporten er «kode raud» for menneska, sa FNs generalsekretær António Guterres etter at rapporten vart lagt fram.
Les meir: Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda
Spørsmål om rapporten
Har du spørsmål om rapporten og kva den har å seia for oss?
Lurer du på kva du kan gjera for å bidra? Lurer du på kva politikarane gjer for at Noreg kan bli flinkare til å ta vare på jorda? Eller sit du inne med andre spørsmål?
Send oss spørsmåla dine i kommentarfeltet – så tek me dei vidare til ein ekspert som kan svara.