Framtidajunior Nyhende Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda
Ein hjort vandrar mellom øydelagde bilar og hus i Greenville i Dixie-brannen, den største brannen i Californias historie. Foto: NTB / AP / Noah Berger

Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda

Klimapanelet til FN la i dag fram ein omfattande klimarapport som varslar meir ekstremvêr viss ikkje verda klarer å kutta store klimautslepp raskt.

Forskarar observerer endringar i jordas klima i alle regionar og på tvers av heile klimasystemet, ifølgje den siste IPCC-rapporten, som blei gitt ut i dag.

Mange av endringane som blir observerte i klimaet er eineståande i tusenvis, om ikkje hundretusenvis av år, ifølgje IPCC-rapporten.

ARKTIS: Oppvarminga på land er høgare enn snittet for verda, og i Arktis er oppvarminga meir enn dobbelt så høg. Foto: Jess McMahon / Unsplash

– Klimaendringane påverkar kvar einaste region i verda på mange måtar. Endringane me opplever vil auka med auka oppvarming, seier Panmao Zhai.

Med ein temperaturauke på 1,5 °C vil det bli meir hetebølgjer, lengre somrar og kortare vintrar. Ved to grader oppvarming vil det føra til ekstremvarme som oftare kan overstiga det både helsa vår og landbruket vil tola.

I tillegg til varme, viser rapporten at klimaendringane vil påverka nedbør, tørke, vind, snø, is, kystområde og hav endå meir framover.

  • Meir intens nedbør og flaumar.
  • Meir tørke i mange regionar.
  • Meir regn i nordlege regionar og regionar heilt sør i verda.
  • Mindre regn i subtropiske regionar.
  • Auka havnivå. Stormflo som tidlegare skjedde med 100 års mellomrom, kan no skje kvart år ved slutten av hundreåret.
  • Auka oppvarming vil forsterka tining av permafrosten, og tap av snødekke om vinteren, smelting av isbrear og tap av sommerarktisk havis.
  • Endringar i havet, inkludert oppvarming, hyppigare marine hetebølgjer, forsuring av havet og redusert oksygennivå har vore tydeleg knytt til menneskeleg påverknad. Desse endringane påverkar både havøkosystema og menneska som lever av dei, og vil fortsetja i minst resten av dette århundret.
  • For byar kan nokre aspekt av klimaendringar forsterkast, inkludert heitebølgjer og flom.

NEDBØR: Ahr-elva fløymde over i byen Schuld etter rekordmykje nedbør i Tyskland i juli. Foto: NTB, AP Photo/Michael Probst

Mennesket avgjer

– Det har vore klart i fleire tiår at jordas klima er i endring, og rolla som menneskeleg innverknad har på klimasystemet er ubestridt, seier Valérie Masson-Delmotte som har vore med på å leia arbeidet med klimarapporten.

Rapporten viser òg at menneskelege handlingar framleis har potensial til å bestemma det framtidige forløpet til klimaet. Forskinga er klar på at karbondioksid (CO2) er den viktigaste drivaren for klimaendringar, sjølv om andre klimagassar og utslepp til luft òg påverkar klimaet. Avgrensing av andre klimagassar og luftforureiningar, spesielt metan, kan ha fordelar både for helse og klima.

IPCC meiner det er gjort store vitskaplege framsteg sidan førre rapport i 2013.

– Me har no eit mykje klarare bilde av klimaet i fortid, notid og framtid, noko som er avgjerande for å forstå kvar me er på veg, kva som kan gjerast, og korleis me kan førebu oss, seier Masson-Delmotte.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR