Musikk gjorde pasientane mindre redde

Pasientane låg fleire timar på operasjonsbordet. Etterpå gjorde musikkterapi at dei vart mindre engstelege.

Nokon gangar må ein pasient med pacemaker operera, for for eksempel å fjerna ledningar eller elektrodar. Ein pacemaker er ein eit apparat som blir sett inn i kroppen. Det skal hjelpa menneske som har opplevd problemar med hjarterytmen.

Dei fleste stader i verda får slike pasientar narkose og søv seg gjennom operasjonen, men i Noreg pleier legane å bruka lokalbedøvelse. Det betyr at pasienten blir operert i vaken tilstand.

Hjelper dei som synest det er vondt eller skummelt

Stine Camilla Blichfeldt-Ærø fortel om pasientar som var mindre engstelege etter ein slik operasjon då dei kombinerte den med musikkterapi, skriv forskning.no.

– Det er ein del som har engstelse knytt til dette, seier ho.

Blichfeldt-Ærø er musikkterapispesialist og jobben hennar går ut på å sjå på korleis pasientane kan få hjelp til å oppleva at det verken er vondt eller skummelt.

– Det vi har sett no, er at musikkterapien faktisk lèt seg gjennomføra i ein slik situasjon.

Distraksjon frå smerta

Egil Andreas Fors samanliknar musikk med hypnose som ein måte å hanskast med smerte på. Fors er professor ved NTNU og står mellom anna bak to bøker om smerte.

– Du får ein distraksjon. Det treng ikkje å vera musikk – det kan godt vera noko anna. Ein lyd frå naturen, bølgjer eller sånne ting. Det er ikkje så mystisk, det er berre at hjernen blir distrahert frå smerta, seier Fors.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here