– Me må stå saman for å redda jorda

Theodor Aasheim Imsland (11) vann skrivekonkurransen til Framtida Junior og Sunnhordland med eit sterkt innlegg om klimaendringar.

Skrivekonkurranse for barn:
  1. plass: Theodor Aasheim Imsland, Hystad skule
  2. plass: Henriette Nysæter Silden, Langeland skule
  3. plass: Ingrid Kristina Selsås, Hystad skule

Heiderleg omtale: Tuva Kismul Østvold, Hystad skule og Malene Engevik Hatlevik, Langeland skule

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er heilt utruleg. Eg hadde aldri trudd at eg skulle vinna, seier Theodor Aasheim Imsland (11). Han går i femteklasse på Hystad skule, og vann i konkurranse med 100 innsende bidrag frå barn over heile Sunnhordland.

Redaktør i Framtida Junior, Svein Olav Langåker, seier det var eit høgt nivå på skrivekonkurransen og mange gode, kunnskapsrike og engasjerande bidrag.

Bryr seg om miljøet

Vinnaren seier han bryr seg om mykje om miljøet.

– Eg vil vera med på å gjera verda til ein betre stad.

I vinnarbidraget skriv han «det me gjer no kan påverka den framtidige kloden og dermed kan plutseleg liv stå på spel. Me må stå saman for å redda jorda!»

11-åringen ber folk om å gå og sykla meir, i staden for å køyra bil.

«Tenk på oss ungar for eksempel! Me skal jo arva jorda! Tenk om denne verda vil stå på kanten av stupet når me blir vaksne! Kva skal me gjer då?».

Vil bli forfattar

Theodor Aasheim Imsland likar godt å skriva.

– Eg vil bli forfattar, seier han, og fortel at han allereie har skrive to bøker. Bøkene har handling frå steinalderen og krig.

– Eg synest det er gøy å ha ei lita verd oppi hovudet.

Les vinnarinnlegget her.