Velkommen til skrivekonkurranse om miljø og klima

Er du frå Sunnhordland? Bli med på skrivekonkurransen til Framtida Junior og Mediehuset Sunnhordland, og vinn fine premiar!

Vel éi av desse oppgåvene:

1. Skriv ein artikkel eller eit intervju om eit miljøproblem eller ei miljøløysing som du meiner er viktig at fleire får lesa om. Sjå tips til miljøsaker som du kan skriva her!

2. Skriv om korleis du ser for deg at me kan kutta utsleppa av klimagassar i Stord. Sjå tips til klimasaker som du kan skriva her!

3. Skriv eit lesarbrev om ei sak som du er opptatt av. Her får du tips til å skriva lesarbrev! 

Konkurransereglar:

  • Format: Word-fil
  • Lengde: Maks 450 ord, men gjerne kortare
  • Premie: 1. plass: Pizza til heile klassen frå Pizzabakeren Stord, og abonnement på Framtida Junior og Framtida Junior-t-skjorte til vinnaren. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av Framtida Junior-t-skjorte og abonnement på Framtida Junior.
  • Aldersgrense: under 14 år
  • Innleveringsfrist: 20. april
  • Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Dersom me vil publisera det du skriv, så tar me kontakt! Det er fint om du òg har kontaktinformasjon til den eller dei du har intervjua eller foreldra deira, slik at me kan høyra med dei om det er greitt at dei kjem på Framtidajunior.no.

LES OGSÅ: Slik lagar du ein nyheitsartikkel

LES OGSÅ: Slik skriv du bokmeldingar

LES OGSÅ: Del meiningane dine, og ver med på å bestemma!

 

Premien blir levert av Pizzabakeren Stord:

Konkurransen er eit samarbeid mellom Mediehuset Sunnhordland og Framtida Junior.