Mykje nytt og moro i sommarparkane: Mikkelparken i Kinsarvik

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag sjekkar me innom Mikkelparken i Kinsarvik.

Kva skjer i parken?

I Mikkelparken kan dei kan freista med mellom anna fjernstyrte bilar og gullgraving for dei som kjem på besøk.

Kva er nytt i år?

Mikkelparken har fornya et nytt leikeområde innandørs før årets sesong.

I «Karibia» kan dei minste borna krypa, hoppa, skli og leika trygt under tak. I tillegg har dei fleire spel og aktivitetar med frukt- og dyretema – som passar perfekt inn i Hardanger!

Korleis passar parken på smittevern?

Som i dei andre parkane, er det viktig å bestilla billettar i god tid. For å unngå smitte, opfordrar dei til flittig vask av hendene, å halda avstand og vera heima viss du er sjuk. Inga Måkestad frå Mikkelparken fortel at dei har mest gjester frå Vestlandet, men at det fort kan endra seg.

– At veldig få reiser til utlandet i år, er sjølvsagt veldig positivt for oss. No når det er «norsk sommar» er det fleire frå andre deler av landet som oppdagar oss. Det er veldig kjekt, seier ho.