I Lytton i provinsen British Columbia sørvest i Canada vart temperaturen målt til 46,1 grader sundag. Det skal vera den varmaste temperaturen som er registrert i Canada nokosinne, skriv ECCC Weather British Columbia på Twitter.
Det er venta at varmebølgja vil halda fram heile denne veka.
Kan bli hetebølgje i Noreg
Også i Noreg er det varsla ei hetebølgje denne veka, skriv ABC Nyheter. Sør-Noreg kjem til å bada i sol neste veke. Det ligg òg an til årets første tropenatt i Noreg, opplyser meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt til NTB.
– Dette vil absolutt kunna bli den varmaste perioden hittil i år.
Utover i neste veke vil temperaturane berre fortsetja å stiga dag for dag i store delar av Sør-Noreg. Ei rekke stader på Austlandet vil temperaturane kunna krypa opp mot 31 grader.