Her kan det bli 49 grader

Ei hetebølgje herjar i delstatane California, Nevada, Arizona og Utah i USA. Lake Mead i Nevada kan få ny varmerekord dei neste dagane.

Ekstremvarmen som er forventa i Vest-USA dei komande dagane kan koma opp i 120 grader fahrenheit, noko som tilsvarer 49 grader celsius.

Det er stor fare for ekstrem tørke og skogbrannar, skriv The Guardian.

Meir enn 48 millionar menneske over heile vest-kysten av USA bur i desse områda.

– Uvanleg i juni månad

– Denne varmen er uvanleg i juni månad. Dei fleste hetebølgjene som historisk sett har påverka det vestlege USA har skjedd i juli og august, seier Julie Malingowski, som er meteorolog hjå National Weather Service (NWS).

Malingowski anbefaler at personar i dei utsette områda held seg innandørs, drikk nok vatn og at dei ikkje forlèt dyr i bilar.