Mykje nytt og moro i sommarparkane: Hunderfossen i Lillehammer

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag sjekkar me innom Hunderfossen i Lillehammer.

Kva skjer i parken?

På Hunderfossen blir det eventyrleg underhaldning, leikar og bading denne sommaren.

Kva er nytt i år?

Nyheita «Reodor Felgens Hyperakselerator» er faktisk Noregs første flygange kino!

– Du blir tatt med på ei reise frå toppen av Flåklypa og heilt ned til Hunderfossen. Køyretøyet er Reodor Felgens siste oppfinning. Kva det er kan me ikkje røpa enno, seier Espen S. Rønning, som er marknadssjef. Han trur at sommaren i år kjem til å bli som i fjor.

Korleis passar parken på smittevern?

– «Alle» skal på ferie i Noreg, men også i år vil vera reglar på kor mange me kan vera i parken. For gjestene våre betyr det at det blir betre plass og at dei brukar mindre tid på kø.

Han fortel at gjestene må halda minst ein meters avstand til andre familiar, og vera flink med handhygiene. Sjølv med restriksjonar, trur han at det blir ein fin sommar.

– Me gler oss til å opna den nye attraksjonen. Mest gler me oss til å leika, eta is og bada!