Italia har fått sin første kvinnelege spion-sjef

Elisabetta Belloni blir den første kvinna som leiar Italia sine hemmelege tenester.

BBC melder at Belloni (63) har ei lang karriere bak seg. Ho vart ønskt velkommen til den nye jobben sin av fleire italienske politikarar, der ein av dei omtala ho som ei «modig kvinne».

Belloni er fødd i 1958. Ho var ei av dei første jentene som fekk plass på Massimiliano Massimo-instituttet i Roma.

Skulen var lenge berre for menn og er rekna som ein av dei mest eksklusive skulane i Roma. Også Mario Draghi, som er statsminister i Italia, har studert der.

Tidlegare har ho mellom anna jobba som diplomat. Mellom 2004–2008 leia ho kriseeininga til det italienske utanriksdepartementet, som første kvinne med denne rolla i Italia.