– Det kan vera spennande å følgja utviklinga frå rumpetroll til frosk, men dessverre står det ikkje så bra til med amfibia våre. Dei blir trua av amfibiesopp, men også av forureining, klimaendringar og gjengroing og nedbygging av dammar, seier Knut Morten Vangen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Amfibiesoppen har nyleg vorte påvist i Noreg og kan utgjera ein trussel mot frosk og andre amfibium.
Soppen er smittsam og kan medføra sjukdom og død hos amfibia han kjem i kontakt med.
Må søka løyve
– Det er viktig å førebygga at soppen blir spreidd. Soppen finnast i vatn, og vatn som blir frakta med rumpetroll kan komma ut i andre vatn enn der det vart henta inn, seier Vangen.
Miljødirektoratet skriv at dei ønskjer å ta best mogleg vare på amfibia, og for å unngå spreiing av amfibiesoppen er det derfor ikkje lenger lov til å samla inn rumpetroll utan løyve.