Kor mange Tyrannosaurus rex levde eigentleg på jorda?

Før dei vart drepne av ein meteor som trefte jorda for 66 millionar år sidan, var det til ei kvar tid om lag 20.000 vaksne T. rexar i Nord-Amerika, ifølgje forskarar.

Ein ny studie som tek for seg talet på den fryktingytande dinosauren, vart nyleg publisert i tidsskriftet «Science».

Det heile starta med at mannen som leia forskinga, Charles R. Marshall, heldt ein fossil av ein T. rex. Då kom han til å tenkja: «Kor sjeldan er eigentleg det eg gjer no?», skriv New York Times.

– Fantest det ein million, ein millliard eller ein billion T. rexar på jorda? Me veit at fossil er skjeldne, men eg ville finna ut kor sjeldne dei eigentleg var, seier han.

Brukte Damuths lov

Han samla saman ei forskingsgruppe, og nytta seg av verktøy som biologar brukar på dagens moderne dyr.

John Damuth hjelpte til med eit matematisk forhold, som no er kjent som Damuths lov. Lova ser på den gjennomsnittlege kroppsmassen til eit dyr, og på det forventa talet dyr på eit visst område.

Når forskarane ville finna ut kor mange T. rex som var på jorda, måtte dei registrera vekta til dinosauren. Det som visste seg å vera meir utfordrande, var å finna ut akkurat kvar i Nord-Amerika dei levde, og om dei var varm- eller kaldblodige.

Mykje er usikkert

Fordi så mykje er ukjent med dinosaurane, ønska ikkje forskarane å koma med eit definitivt svar, men utrekningane viser at det mest truleg var om lag 20.000 vaksne T. rexar til ei kvar tid i Nord-Amerika. Damuth omtalte resultatet som «eit fint bidrag».

Viss 20.000 er rett, har det ha vore rundt 2,5 milliardar vaksne T. rexar på jorda i løpet av dei 2,4 millionar åra dinosaurane levde.