Familien skal ta i mot 300 lam: – Ikkje mykje hjelp å få til leksene

Lamminga er ei travel tid for dei som bur på gard. For å passa på at alt går bra, må søskena Anna (9), Ola (12) og Adine (16) Neslund Øverland hjelpa til der dei trengst. I år forventar dei å få om lag 300 lam på garden.

38.633

Ved nyttår var det 38.633 gardsbruk i Noreg. Det er nesten 30.000 færre enn for 20 år sidan. Det er spesielt dei mindre gardsbruka som blir lagt ned, medan det har blitt fleire av dei største gardsbruka.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Viss me skal gjera lekser, er det ikkje mykje hjelp å få no, seier Ola (12) og ler.

Han bur saman med foreldra sine og søstrene Anna (9) og Adine (16) på ein stor gard i Alvdal. No er dei er midt i prosessen med å ønska alle dei nye lamma velkommen til verda.

– Det er både gøy og mykje å gjera. Me må følga med heile tida, seier Anna.

Pappaen deira, som driv garden, er nesten ikkje å sjå desse vekene. Han står opp kl. 04.00 kvar dag, og det er langt på kveld før han hoppar til køys. Og det er ikkje alltid at han gjer det i si eiga seng.

– Han har ei eiga madrass i fjøsen. Me har ikkje sove der, men eg har veldig lyst, seier Ola.

I fjøsen: Anna og Ola hjelper til der det er behov på garden. Her er dei saman med nokre av dei nyfødde lamma.

Geir og Tobias er favorittane

Søte: Her er nokre av dei nye innbyggjarane på garden.

Anna, Ola og Adine fortel at dei har 140 sauer på garden. Det betyr at det kjem mange lam på våren. I år reknar dei med at det blir om lag 300 nye innbyggjarar på garden. Nokre av lamma må dei ta ekstra godt vare på.

– Me har fått 16 kopplam hittil i år. Dei må me mjølka med flaska, seier Ola.

Han fortel at kopplam er lam som av ulike grunnar ikkje får mjølk av mora si. Desse lamma blir ofte litt spesielle for menneska på garden.

– Geir og Tobias er favoritt-kopplamma mine, seier Anna.

Mammaen til Anna, Ola og Adine fortel at borna plar å gi kopplamma namn. Dei andre forblir namnlause – noko som gjer det lettare når dei blir sendt til slakt.

Stor gard: I tillegg til å driva med sau har familen fleire kyr. Dei driv også med vedproduksjon og poteter.

– Ein del av gamet

– Eg syns det er veldig kjipt. Men det er endå verre når me må avliva lam som er små, seier Anna og fortel at det må gjerast om lammet er dårleg.

Ola og Adine derimot, seier at slakt er ein naturleg del av det å driva ein gard.

– Når dei blir sendt til slakt, er dei blitt store. Me veit at slaktinga av dyra blir gjort på ein human måte. Me veit også at det skjer etter at dei har hatt ein god sommar på fjellet. Det høyrest brutalt ut – men det er ein del av gamet, seier Adine.