Susanna er marinebiolog og møtte ein hummartjuv

Susanna Huneide Thorbjørnsen (29) har alltid vore interessert i havet og dyra som bur der, og bestemte seg tidleg for å bli marinebiolog.

– Ikkje berre får ein jobbe med dyr, men ein forskar også på korleis ting i naturen heng saman, fortel ho til Framtida.
Det er veldig spanande å vere marinebiolog. Akkurat no jobbar ho med korleis sjøørret oppfører seg.

– Ikkje berre får ein jobbe med dyr, men ein forskar også på korleis ting i naturen heng saman.

Mykje ute i naturen, og ein del på kontoret

Dagane til Susanna er varierte. Noko ho synest er moro.

– Nokre gongar er eg ute i fjorden og fiskar, og merker fisk med sendarar slik at vi kan følgje med på åtferda deira. Andre dagar jobbar eg på kontoret med å analysere den informasjonen vi har samla inn i naturen. Så er det også nokre dagar der eg reiser rundt og held føredrag om det vi har funne ut eller underviser på universitetet. Det er veldig moro.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Her heime på sørlandskysten har eg blant anna hatt ei lita utfordring med hummar som stal båtnøkkelen vår.