Derfor er bøndene sinte

Har du lurt på kvifor det er så mykje snakk om bøndene no? No er dei for fullt i gang med årets jordbruksoppgjer – og det gjekk ikkje som dei hadde håpa.

Kvart år forhandlar bondeorganisasjonane og staten om kor mykje pengar bonden skal få for varene dei sel, kor mykje av pengane som skal gå til jordbruket og korleis alle desse pengane skal fordelast.

Varer bonden sel, kan mellom anna vera mjølk, poteter og grønsaker og kjøt frå lam, svin og storfe.

Møkka lei: Etter brotet i jandbruksoppgjeret har Bondelaget holdt asjonar fleire stadar. I Førde tømde Vestland bondelag ein haug med møk utanfor rådhuset. Foto: Hanne Lisbeth Nybø / NTB

Brot i forhandlingane

I år gjekk bøndene ut og ba om 2,1 milliardar kroner frå staten. Tilbodet dei fekk, var på under halvparten. Dette har skapt reaksjonar – og no er det brot i forhandlingane.

Bønder frå heile landet sette seg derfor på traktoren for å protestera mot tilbodet dei hadde fått. Nokre har dumpa møk på dørstokkane til kommunehusa. Andre har køyrt traktortog inn i Oslo sentrum, der fleire samlast utanfor Stortinget.

Ifølgje Bondelaget var det minst éin traktor frå kvart fylke frå Nordland og sørover som hadde tatt turen til hovudstaden.

– Bøndene troppar opp ved Stortinget for å seia at me treng ei satsing på norsk landbruk. Det er heilt naudsynt at det blir auke i lønna, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, til Noregs Bondelag.