Likar du å byggja LEGO? Då anbefalar Severin (24) at du blir røyleggjar, slik som han

– Veldig mange tenkjer på kloakk når ein tenkjer på røyrleggjarar, men det er eit så utruleg breitt fag, seier han.

SEVERIN POPPE MIDTEIDE

Alder: 24 år

Frå: Bærum

Utdanning: Røyrleggjar og røyrleggjarmeister (to år på vidaregåande, 2,5 år som lærling og så etterutdanning)

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om at Erna Solberg er skremt av klimatal og at det er meir is enn vanleg i Arktis.

Då Framtida.no slår på tråden til Severin Poppe Midteide (24) er røyrleggjaren på arbeid. Han sit i bilen og er på veg til neste oppdrag heime i Bærum. Det har lite med kloakk å gjere, for slikt finst det eigne firma som tek seg av.

Midteide fortel at før han sjølv tok til i yrket, hadde han nok dei same fordommane som andre. Han var ikkje klar over kor mykje forskjellig røyrleggjarfaget kunne romme, og kor spennande og sosialt det skulle vise seg å vere.

Samstundes opnar utdanninga fleire dører enn ein kanskje trur:

– Når du har eit sveinnebrev er du tjue år, og då kan du starte på studium eller kva søren du vil etter det. Du har eit godt grunnlag for å verte ingeniør eller veldig mange andre ting. Det er ein veldig god start på livet.

Hønsegard på badet

Det mest utrulege som har hendt på arbeid, var ein dag han skulle fikse ein lekkasje på ein baderomsservant hjå nokon i Lommedalen i Bærum.

– Når vi kjem inn, er der fullt av høner. Hønene likte seg så godt på badet med varmekablar, for der var godt og varmt, fortel Midteide og ler.

Det var ikkje noko kjære mor for røyrleggjaren, høneflokken laut han fint arbeide rundt.

– Det er det som er gøy, du trur du kjenner folk og har ei grei oversikt over kven dei er, men så startar du å jobbe som service-røyrleggar og kjem inn i heimen til folk. Folk er spinnville og det er kjempegøy!

@severin_suveren1☕️ 07:00 – 07:30 ☕️ #rørlegger #norge♬ original sound – SeverinSuveren1

Tiktok-suksess fører til meir jobb

Severin Poppe Midteide har gjort seg merkt som røyrleggjar òg utanfor Bærum. Både i fjor og i år er han ein av finalistane i kåringa Norges Hyggeligste Håndverker.

Samstundes har røyrleggjaren stor suksess på TikTok med over 33 000 følgjarar. På plattforma deler Midteide tips og gjev små innblikk i arbeidskvardagen, og får såleis gratis marknadsføring.

24-åringen fortel at TikTok-en ikkje berre fører til fleire hundre tusen likar-klikk, men òg til oppdrag:

– Eg kunne livnært meg på jobbane eg får frå Tiktok, fortel han og ler.

Midteide får òg Instagram-meldingar frå ungdomskule- og vidaregåandeelevar, som spør om råd til kva dei skal verte i framtida. Er kanskje røyrleggjar noko for dei? Då deler 24-åringen villig vekk av eiga erfaring i faget, og fortel kva dei kan vente i yrket.

– Det er utruleg gjevande å få dei tilbakemeldingane, og det er mykje difor eg held på, seier Midteide.

Severin Poppe Midteide var finalist i fjorårets utgåve av Norges Hyggeligste Håndverkar, og er nominert i år igjen. Foto: Norges Hyggeligste Håndverker.

God på LEGO? Bli røyrleggar!

– Kva folk passar yrket for?

– Det er eit fysisk yrke, så folk som likar å vere i bevegelse og aktivitet i løpet av dagen. Og folk som likar å bygge noko, og sjå resultatet av kva du har gjort kvar einaste dag. Det er ganske tøft, seier Midteide og konstaterer:

– Om nokon var gode med LEGO då dei var små, så er det ein god start!

24-åringen rår unge som vurderer røyrleggjaryrket til å ta ansvar for si eiga læring tidleg:

– Bruk gjerne fritid på å lese deg litt opp på dei tekniske tinga, for då gjer du det mykje enklare for deg sjølv i framtida. Det er mykje morosamare om du engasjerer deg litt.

Samstundes er det viktig at ein møter på jobb med rak rygg, kassa ut og eit stort smil, ifølgje Midteide.

– Ikkje ver redd for å ta litt plass, og for å stikke deg litt ut, rår han.