Frakta Munch-måleri inn gjennom eit hol i veggen

Edvard Munchs enorme måleri «Sola» blei nyleg frakta til det nye Munchmuseet. Verket vart ført inn eit spesialdesigna hol i veggen på bygget.

Munch-måleriet vart fullført i 1911 og måler cirka 4,5 gangar 8 meter, altså rundt 35 kvadratmeter. Fleire av dei største måleria vil bli frakta frå det gamle Munchmuseet på Tøyen inn gjennom holet i veggen.

Den store opninga vil bli tetta når alle måleria er frakta inn.

Her er fire kjappe fakta om Edvard Munch:

  • Munch var ein norsk kunstmålar.
  • Han er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdset verda over.
  • Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik.
  • Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri.

(Kjelde: Wikipedia)