Har lært hundar å lukta koronaviruset

Ein ny studie har vist at hundar superraskt kan sniffa seg fram til om eit menneske har koronaviruset – eller ikkje.

Hundar har opp mot 100.000 gongar betre luktesans enn oss menneske. Nokre rasar, som mellom anna spaniel og retriver, kan trenast opp til å lukta seg fram til sjukdommar som kreft og malaria.

No har nokre hundar i Storbritannia blitt lært opp til å oppdaga koronavirus hjå menneske, skriv BBC.

Meir effektive enn medisinske testar

Seks hundar har hatt sniffe-opplæring.

Ved å lukta på brukte sokkar, munnbind og t-skjorter, har dei i 94 prosent av tilfella greidd å skilja på om mennesket som eig sokken eller munnbindet har korona – eller ikkje.

Dette viser at hundane i enkelte situasjonar kan hjelpa til med at opninga av samfunnet går fortare. Men den store fordelen ved å bruka hundar i staden for å få ein vattpinne i nasen og halsen, er tida det tek å få svar.

Sjølv den raskaste testen som er tilgjengeleg, tek 15 minutt på å gi svar. Forskarane bak denne studien fortel at to hundar kan undersøkja 300 personar på ein halv time.