Her vil dei tilby korona-vaksinen til turistar

Ved å parkera vaksinebussar på populære turistplassar i New York, håpar «byen som aldri søv» å trekkja til seg fleire besøkjande.

Planen er at dei mobile vaksinebussane skal plassert på populære plassar i byen, der turistane ofte reiser. Eksempel på dette er Central Park og Empire State Building, sa ordføraren i New York, Bill de Blasio, på ei pressekonferanse i følgje The Wall Street Journal.

Der vil turistane få tilbod om ei dose med Janssen-vaksina, skriv NRK.

Tiltaket er meint som eit forsøk på å gjera New York til ein meir attraktiv stad for turistar. Koronaviruset har gjort at byen, som dei fleste andre stadar i verda, merkar at det er færre besøkjande turistar.

– Det er trygt

Ordførar de Blasio håpar at moglegheita for å ta vaksinen fører til at turistar vil føla seg trygge i byen hans.

– Kom her, det er trygt, det er ein flott plass å vera og du blir tatt vare på, sa han på pressekonferansen.

Tiltaket er enno ikkje iverksatt, då det først må godkjennast på statsnivå.