Vi reiste rekordmykje i 2023

Aldri før har nordmenn reist så mykje.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har undersøkt kor mange reiser vi i Noreg drar på. Ifølge SSB sette nordmenn reiserekord i fjor.

I 2023 reiste nordmenn på 30,3 millionar reiser. Det er 5,2 prosent meir enn i 2022.

Dei fleste reisene skjer i Noreg. SSB har sett på både feriereiser og reiser som folk har på grunn av jobben. Vi reiste meir til utlandet i 2023 enn i 2022, men ikkje like mykje som før pandemien. Etter pandemien reiser også fleire på ferie berre i Noreg.

Vi brukte nesten 207 milliardar kroner på å reise i fjor. Det er det høgste beløpet SSB har registrert.