Boris Johnson vil slå hardare ned på hundetjuveri

Storbritannia har fått fleire hundar og ei kraftig auke i hundetjuveri under korona.

Saka var først publisert i Framtida.no – der kan du også lese om Katten Larry som feira ti år i den britiske statsministerbustaden

– For tida blir denne kriminaliteten for ofte avvist som triviell, på nivå med for eksempel nasking.

Det skriv Storbritannias statsminister Boris Johnson i The Mail on Sunday.

Kraftig auke i dyrehald og hundetjuveri

I likskap med i Noreg har britane fått seg fleire kjæledyr under koronapandemien. Ifølgje BBC er majoriteten av dei nye dyreeigarane mellom 16 og 34 år. I tillegg har auken i dyrehald ført til mangel på hunde- og kattemat.

Auken i koronakvalpar har òg ført til ein kraftig auke i hundetjuveri. Organisasjonen DogLost registrerte ein auke på 170 prosent. I 2019 registrerte dei 172 hundetjuveri, eit tal som auka til 465 i 2020, melder The Guardian.

Innsatsstyrke mot hundetjuveri

No har den britiske rikskanslaren og justisministeren Robert Buckland, oppretta ein egen innsatsstyrke for å ta seg av sakene, noko statsministeren støttar.

– Om du er kynisk og ekkel nok til å stele ein hund som ein organisert gjeng, då er det nesten heilt sikkert at du begår annan kriminalitet òg, skriver statsminister Boris Johnson.

Den britiske statsministeren og forloveden Carrie Symonds eig ein Jack Russell som heiter Dilyn. Dei adopterte den heimlause kvalpen med kjeveproblem frå ein organisasjon i september 2019.