Sjimpansane har videomøter

Sjimpansane i «Safari Park Dvůr Králové» i Tsjekkia, har daglege Zoom-møte med apar i andre dyrehagar.

Dyrepassarane ved Safari Park Dvur Kralove har vore litt bekymra for sjimpansane sine. På grunn av koronaviruset har dei ikkje hatt lov å ha besøkjande i dyrehagen på lang tid, og smarte dyr som sjimpansar treng mykje spennande aktivitet for å ikkje bli lei.

Derfor fann dei på noko lurt. Dei bestemte for å prøva ein uvanleg idé – nemleg å la sjimpansane ha videosamtalar med sjimpansar i andre dyrehagar, skriv News For Kids.

Sjimpansen nyt livet med film og snacks. Foto: Safari Park Dvůr Králové

Nyfikne på skjermen

Først var dyra litt usikre på oppsettet. Men det gjekk ikkje lang tid før dei vart nyfikne på det som skjedde på den store skjermen.

Det er ikkje lyd på skjermane, men sjimpansane kan likevel samhandla med dei på den andre sida av direktesendinga.

Dyrepassarane har sagt at sjimpansane nokre gonger tek med med seg snacks medan dei ser på skjermen. Akkurat som me menneske når me ser film!