Unge dinosaurar forsynte seg grådig av matfatet

Svoltne tenåringsdinosaurar kan vera svaret på mysteriet om kvifor det nesten ikkje finnast mellomstore, kjøtetande dinosaurar.

Funna til forskarane, som er presentert i Science, viser at rovdinosaurane tok for seg i matvegen og fort vart store og sterke.

Dei endra stadig på dietten sin og jaktmetodane sine, samtidig som dei konkurrerte med andre individ og artar.

Slik vart dei mellomstore kjøtetande dinosaurane pressa ut, skriv forskning.no.