10 fine ting ved å vera skilsmissebarn

I boka "Skilsmissehelter" av Trude Trønnes Eidsvold og Rosa Von Krogh får du lese om 10 fine ting ved å vera skilsmissebarn.

10 fine ting med å vera skilsmissebarn:

  • Fleire gåver
  • Feire bursdagar og festar
  • Eg ber om pengar frå begge, og får dobbelt opp (hihi)
  • Kan vera saman med vener både hos mamma og pappa
  • Eg får designa to rom
  • Fleire som bryr seg om meg
  • Dobbelt så mange feriar, og turar til utlandet
  • Eg får ekstra vekeløn
  • Meir tid til å bli kjent med foreldra mine kvar for seg
  • Gladare foreldre

7 gode råd frå barnepanelet:

  • Vit at det ikkje er din feil.
  • Finn deg ein hobby, eller noko anna gøy å gjere.
  • Snakk med folk som forstår deg. Gode vener eller ein vaksen du stolar på. Det hjelper å seia ting høgt!
  • Du er ikkje åleine om å ha det slik, vi er fleire der ute!
  • Viss foreldra dine kranglar, og det er kjip stemning, bruk heller tida på gode vener.
  • Ikkje tenk så mykje på det vonde. La dei vaksne halde på!
  • Det blir bra til slutt.

(Kjelde: Skilsmissehelter)