Selde huset og flytta inn i seglbåt

Jonas (10), Peder (7), Sonja (4), Sofie (1), mamma Annbjørg og pappa Eirik skal reisa ut i verda på seglbåten Eunike. No har dei selt huset, og bur i båten medan dei planlegg reisa rundt jorda.

Fakta om seglbåten:
  • Seglbåten vert hovudsakleg drive fram av den krafta vinden har på segla som er festa til loddrette master på båten. Seglbåtar har også ein kjøl (ei loddrett og ofte tung plate under båten) for å motverka at båten legg seg for mykje til sidene når det bles.
  • Seglbåtar er mindre enn seglskip, og kan i storleik vera alt frå små joller til store havgåande båtar, ifølgje Wikipedia.
LES FAKTALUKK FAKTA

I august kjøpte dei seglbåten, og i november selde dei huset og flytta inn i båten. Dei vaksne bestemte seg på to dagar, men dei hadde tenkt på å reisa ut i verda lenge. Så no skal dei bruke 1,5 år på å fikse båten og gjere seg klar til å reise rundt jorda på fire år.

LEKSER: Peder, Jonas, Sofie og mamma Annbjørg sit med leksene rundt spisebordet. Foto: Privat

– Det er ganske kaldt å bu i båten om vinteren, spesielt om morgonen og om kvelden. Mamma eller pappa slår på varme før vi står opp, så då må vi ligga litt ekstra under dyna, fortel Jonas.

Det er minus 12 grader i Skånevik den dagen Framtida Junior er på besøk.

– Vi har ein dieselvarmar, som ikkje kan stå på om natta, så den slår vi på tidleg om morgonen. Om kvelden legg dei varmeflaske i sengene, fortel mamma Annbjørg.

Selgbåten har god plass – med både god sofa, spiseplass, god plass til å laga mat, fire sovelugarar med ti sengeplassar og to bad. 

Selde leiker i garasjesalg

Barna har selt mange leiker for å få kjøpa ein Nintendo Switch dei kan ha med på tur. Dei eldste barna har samarbeida. Både Jonas, Peder og Sonja.

LUGAREN: Peder, Jonas og Sonja sit på senga i Jonas sin lugar. Han søv heilt fremst i båten. Foto: Privat

– Eg likar best å spela når eg er i båten, seier Peder. 

– Vi hadde garasjesal der vi selde alt vi ikkje kan ta med på reisa. Jonas har ein haug med bamsar, seier Peder.

Når dei reiser på den lange turen blir det fire år med heimeskule. Dei gler seg til å læra om stadane dei besøker.

– Mamma skal vera lærar på turen, og pappa blir rektor, fortel Jonas.

– Vi vil også få ny kunnskap heile vegen. Både geografi, språk og erfaringar frå dei ulike stadane vi skal besøka, fortel mamma Annbjørg.

Elskar å reise på turar

I helgene reiser dei ut på turar til øyar i nærleiken. 

VARME: – Det er ganske kaldt å bu i båten om vinteren. Mamma eller pappa slår på varme før vi står opp, så då må vi ligge litt ekstra under dyna, fortel Jonas.

– På kvar båttur finn vi ein skatt. Det er så mange ting som blir skylt i land som vi kan bruka, fortel Jonas.

På den lange turen ut i verda planlegg familien å reise til Afrika, og så vidare over Atlanterhavet. Dei skal reise rundt i Karibien, segla på Panamakanalen og så skal dei velja kva øyer dei vil besøka i Stillehavet. 

– Når vi skal krysse Altanterhavet blir det 14 dagar utan å sjå land, fortell mamma Annbjørg.

– Det blir rart å ikkje sjå land på 14 dagar, seier Jonas.

Den einaste i familien som har erfaring med så lange seglturar er pappa Eirik.

– Den lengste turen vår var då vi kjøpte ein båt i Spania. Den segla Eirik til Amsterdam, og der kom eg og ungane på. Då brukte vi ein månad heim, fortel Annbjørg.