Fleire barn går på skulen i Indonesia

Fleire indonesarar kan lesa og skriva enn nokon gong før.

Talet på analfabetar blant personar over 15 år har falle frå 4,63 prosent av befolkninga i 2011 til 1,78 prosent i 2019, skriv Indonesia sitt nasjonale nyheitsmedium, Antara News, og den indonesiske avisa The Jakarta Post.

Ifølgje ei nasjonal undersøking frå det indonesiske statistikkbyrået, er det særleg dei unge som gjer framsteg, då innsatsen fokuserer på å få fleire barn i skulen.