MITT HÅP FOR 2021: Nettpatruljen Oslo

Nettpatruljen Oslo fortel kva som er deira håp for 2021.

Kva er håpet dykkar for 2021?

– Vårt håp for 2021 er at kvardagen og livet til alle menneske blir godt, og at me lærer noko av denne spesielle tida me har hatt i 2020. At det å ta vare på kvarandre, sjå kvarandre og bry oss om dei rundt oss faktisk er det som betyr noko.

– Og så håpar me at det blir mogleg å klemme kvarandre igjen!

Korleis vil de bidra til at dette målet blir nådd?

– Me vil bidra med å halde fram med å gjera jobben vår på ein best mogleg måte. Hjelpa folk som tek kontakt med oss, spreie bodskap me tenkjer er viktig for folk å vita og ellers i livet sjå dei menneska som treng det <3

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.