Sophie Elise AS får årets Gullbarbie

Press-leiar Lea Mariero meiner influensarar må ta meir ansvar og at ein ikkje kan unngå kritikk ved å setja sitt eige namn på bedrifta.

Lea Mariero er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Press

– Vi meiner millionbedrifta Sophie Elise AS må ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta influensarbedrifta har på barn og unge.

Det seier leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, i ei pressemelding.

Best på å få ungdom til å føla seg verst

I januar vart Sophie Elise AS, det sosiale mediet TikTok og kleskjeda Brandy Melville nominert til årets Gullbarbie, skriv Framtida.

Prisen går til den medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst. Sophie Elise AS vann med heile 72 prosent av stemmene.

Kandidatane vart stemt fram på internett og er vurdert av Press på bakgrunn av kriteriar om einsidige skjønnheitsideal, unødig seksualisering og gamaldagse kjønnsroller.

Då Sophie Elise AS vart nominert, la dei vekt på dei to første.