Ein av dei seks ramnane som bur i Tower of London har forsvunne, og det er frykta at den har døydd. Det skriv TV 2 i ei sak.
Dette fører til frykt for at kongeriket skal ramla saman og at landet blir fullt av kaos, slik som den gamle spådomen seier.
Kjent for å stikka av
Christopher Skaife jobbar som ramnemeister, og har bekrefta at ramnen er vekke. Ramnen det er snakk om, heiter Merlina og er kjent som dronningramnen i Tower of London.
I eit intervju med BBC Radio, har ramnemeisteren fortalt at Merlina er kjent for å stikka av.
– Ho kjem normalt tilbake. Men denne gongen har ho ikkje gjort det, og eg fryktar at ho er død, seier han.
Ramn i reserve
Ramnen har vore vekke sidan rett før jul. Skaife fortel at dei har ein ramn i reserve, dersom Merlina skulle vise seg å vera død.
– Me har sju ramnar i Tower of London, men berre seks av dei er godkjent av dronninga.
På Twitter fortel Tower of London at dei ikkje har planar om å erstatta dronningramnen enno. Dei håpar at den etter kvart vil bli erstatta av ein kylling frå ramneprogrammet.