Kyr liker ekte stemmer betre enn opptak

Forskarane ville sjekka ut kommunikasjon mellom folk og kyr. Korleis vil dyra blir snakka til?

28 kyr var med i studien som handla om dyrevelferd. Det betyr at dyr skal ha det godt i miljøet dei lever i. Det gjeld òg forholdet til bonden, skriv Ung.Forskning.no.

Derfor ville forskarane sjekka ut kommunikasjon mellom folk og dyr. Korleis vil dyra bli snakka til?

Folk snakka til kyrne i fleire omgangar. Forskarane målte hjarterytmen til dyra, og dei filma dei. Så fekk kyrne høyra på opptak av stemmer. For om dei liker menneskeprat, kan det jo vera praktisk for bonden å sedde på menneskeprat over høgtalarar i fjøset.

Likar roleg prat og klapping

Etter forsøket såg forskarane på vidoene for å finna ut kva kyrne likte. Dei såg om kyrne viste teikn på at dei hadde det bra. Slike teikn er at dei strekker på nakken, lukkar auga og lèt øra henga. Kyrne likte best roleg prat og klapping.

Forskaren Annika Lange frå Austerrike var ein av forskarane.

– Vi håper at bønder oftare vil vera skånsame og si nokon trivelege ord, når dei jobbar med kyr i framtida, seier ho til Ung.Forskning.no.