Slik lagar du ei god jul for både deg og planeten

Mykje av julepynten i verda er laga av plast og produsert i Kina. Pynt som reiser langt for å kome til Noreg er ikkje klimavenleg. Viss du vil ha ei meir berekraftig jul, kan du sjekke ut desse tipsa.

Vil du lage ei god jul for både deg og jorda kan du kan lage nydeleg klimavenleg pynt heime, handle eller lage meir berekraftige gåver og bruke ingrediensar du allereie har på kjøkenet.

  • Et restemat i juledagane.
  • Gjenbruk julepynten du allereie har og bruk ting frå naturen og ting som du kan lage sjølv.
  • Gje opplevingar i gåver. Du kan lage kupongar på ting du vil love å gjere for foreldra dine. Det kan vera å lage mat, gje dei massasje, gjere husarbeid eller lage til ein koseleg filmkveld. Gåver kan også vera ein heimelaga kalender med bilete, ein bakedag, vask av vindauga, eller å få noko reparert. Opplevingar saman er også fint å få – til dømes kinobillettar, teaterbillettar eller konsertbillettar. Du kan også lage klippekort på lufting av hund eller noko anna du veit den du skal gje gåva til treng.
  • Lag ei heimelaga gåve: Pynt eit tomt syltetøyglas og fyll det med godteri, heimalaga peparkaker eller noko anna godt.
  • Det er ikkje slik at alt du gir eller ønskjer deg må vera heimelaga eller brukt. Men pass på å lage deg ei skikkeleg ønskjeliste, slik at du kun får ting du treng og vil bruke. 
  • Det er veldig viktig at du ønskjer deg noko som varer, og som ikkje vert øydelagt med ein gong.
  • Pakk inn gåver i gråpapir eller avispapir. Så kan du teikne på pakken, eller pynte med grønt frå naturen.
  • Viss du skal tenne stearinlys er det viktig at du bruker rein stearin. Dei fleste lys inneheld nemleg parafin, og det er ekstra skadeleg for miljøet. Det beste er å ikkje bruke stearinlys i det heile. Ny forsking viser nemleg at sot frå stearinlys, spesielt frå kubbelys, kan vera like skadeleg som sigarettar er for oss menneske. Men skal du nytte levande lys, er det viktig å sjå etter dei som er svanemerka. Dei inneheld berre stearin.
  • Reis miljøvennleg (kollektivt, og unngå å fly) når du skal besøke vener og familie.
  • Lag bordkort av peparkaker som gjestene kan ete etter bruk. Sjå her for oppskrift!

Kjelde: NRK, Miljøfyrtårn, Miljøagentane, kokkelærling Clea Bianca Suhr