Bordkort av peparkaker

Har du lyst til å lage bordkort til julaften? Her er ei god oppskrift!

Dette treng du:

3 dl smelta smør

3 dl mørk sirup

3 dl brunt sukker

3 dl fløyte

1 1/2 dl seterrømme

1/2 dl eplecidereddik

6 ts kanel

4 ts kardemomme

4 ts nellik

4 ss friskreven ingefær

1 ørliten knivspiss pepar

1 liten knivspiss fint havsalt

2 ts natron

20 dl speltmjøl

 

Slik gjer du:

Ha sirup, sukker, fløyte, eplecidereddik og rømme i ei stor bolle. Tilsett det smelta smøret. Bland speltmjøl, krydder og natron med dei blaute ingrediensane.

Kna deigen til han blir jamn og glatt. Kjevla ut deigen, ca 3 mm tjukk. Trykk ut peparkaker.

Steik i omnen på 180 grader i om lag 6-8 minutt midt i omnen.

Når kakene er kalde, dekorer kakene med melis. Skriv gjerne forbokstaven til dei som skal sitje ved bordet, og legg ei kake på kva tallerken som bordkort.

(Kjelde: Kokkelærling Clea Bianca Suhr)