Yngste nordmann på toppen av verdas høgaste fjell

16. mai klarte Ole Hovstad (23) å nå toppen av Mount Everest, som yngste nordmann nokon gong.

Like før jul i fjor, bestemte Ole Hovstad seg for å prøve seg på toppen av Mount Everest (8,848 moh). Interessa for fjellklatring og toppturar var ganske fersk, men med ein god dose eventyrlyst, sette han igang med å førebu seg. 16. mai nådde han målet.

«Det store målet i bakgrunnen, Mt. Everest! Toppa Lobuche Peak på litt over 6000 moh.», skreiv Hovstad ein månad før turen til toppen. Foto: Privat

Glad og sliten

– Han er glad og sliten og gledde seg på å komme heim. Han var veldig godt nøgd og syntest det hadde gått veldig bra, seier ein litt letta far, Rolan Hovstad, som fekk snakka med sonen på telefon torsdag kveld.

Undervegs til toppen hadde Ola Hovstad mista ein del vekt, men ellers har turen gått skadefritt for seg.

Farefull ferd

Å nå toppen av Mount Everest er ikkje nokon spøk. Verdas høgaste fjelltopp ligg på 8,848 meter, og lista over dei som har døydd på vegen opp, er lang. Så risikabelt er det, at no må alle som prøver seg på toppen, ha følge av ein sherpa. Ein lokal guide som kjenner forholda og vegen opp.

Få dagar før Ola Hovstad tok rekorden som yngste nordmann, nådde Moa Hundseid (25) frå Vikedal toppen av Mount Everest. Les meir om den unge turgåaren i lenka under.