GAMING OG POLITIKK. Den amerikanske politikaren Alexandra Cortasio-Cortez dreiv med online gaming i tre timar for å snakke med unge veljarar om kor viktig det er å røyste. Foto: Skjermdump frå live-straum på Twitch
Den amerikanske politikaren bestemte seg for å treffe barn og unge der dei er – online.
Den amerikanske politikaren Alexandra Ocasio-Cortez testa i førre veke ut ein ny måte å treffe unge veljarar på. Ho testa gaming for fyrste gong. I tre timar spelte ho spelet Among Us, under gamingnamnet aoc, medan ho strøymde det live på strøymesida Twitch.
Det fekk ho mykje merksemd for. På det meste følgde 435 000 menneske med på at kongresskvinna spelte saman med kjende Twitch-gamerar. Det gjer hennar livestream til ein av dei 20 mest populære på Twitch nokon gong.
Ho oppmoda dei også om å hugse å røyste.
RØYSTING. På spelet Among Us må ein også røyste, ikkje ulikt politikken.
Presidentvalg
Medan ho spelte fekk Ocasio-Cortez snakka med dei unge gamerane om viktige saker i det amerikanske presidentvalget, som går av stabelen 3. november. Ho oppmoda dei også om å hugse å røyste.
I presidentvalget er det forventa at unge veljarar kjem til å spele ei viktig rolle, men det føreset at dei faktisk røyster.
I boka «Sprettball» møter me Lotte, ei jente som prøver å finna fotfestet etter at foreldra hennar skil lag. Men, kva skjer når alt rundt henne endrar seg? Med nye heimar, nye venner og ei kjensle av å ikkje passe heilt inn?