Fleirtal vil at 16-åringar får stemme ved lokalval

Fleirtalet i eit utval vil la 16-åringar stemme ved lokalval, medan mindretalet vil la dei stemme ved stortingsval.

– Eg håpar at det er 16-åringar som stemmer ved neste lokalval, seier Sofie Høgestøl.

Sofie er ein av dei 18 medlemar i vallovutvalet som dei siste tre åra har jobba med eit forslag til ny vallov.

Greta Thunberg har ikkje stemmerett

Som yngste deltakar i utvalet følte Hagestøl eit ekstra ansvar for å løfta saka om stemmerett for unge.

Jurist og Venstre-politikar Sofie Høgestøl er førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

– Eg tenkjer at tida er moden. Det er så enkelt at 16-åringar er modne nok for å delta i vårt demokrati, seier 34-åringen, som gjerne skulle hatt med ein ungdomsrepresentant i vallovutvalet.

Ho meiner at saka har fått god hjelp av gode enkeltdøme, som Maud Angelica Behn sin rørande tale til far sin i gravferda, og særleg klimarørsla.

– Greta Thunberg har ikkje stemmerett endå. Det er rart at ein kan starta ei verdsomspennande rørsle, men ikkje stemme. Me har sett ungdommar som står utanfor Stortinget som ber oss om å lytte – og det skal vi, ved å la dei få stemme.