Får USA ein ny førstehund i november?

Visste du at Donald Trump er den første presidenten på over 100 år som ikkje har hund?

Hundar i det kvite huset, der presidenten i USA bur, har lange tradisjonar. Donald Trump er den første presidenten på over eit århundre som ikkje har ein såkalla førstehund i det kvite huset.

Ifølgje the Presidental Pet Museum har alle presidentar tilbake til 1901 hatt minst éin hund. Då budde presidenten William McKinley i det kvite huset. Som kjæledyr hadde han ein dobbel gulhovuda amazonpapegøye, ein angorakatt og nokre hanar. Men altså ingen hund.

Godt triks å ha hund

Komikar og aktivist Dick Gregory meinte at det var eit bra triks for ein presidentkandidat å ha ein hund, sidan det verkar som om folk tenkjer at viss ein hund kan elska presidentkandidaten, så kan han ikkje vera så ille.

Presidentkandidat Joe Biden, som stiller til val mot Donald Trump i november, fekk seg hund for to år sidan. Då adopterte han schæferhunden Major.

Joe Biden med hunden Major, som han adopterte i 2018. Foto: Delaware Humane Association

Den eldste presidenten

Det var eit lurt val, meiner retorikaren Jens E. Kjeldsen.

– Ein stor og sterk schæferhund styrkar inntrykket av at mannen som har hunden må klara å halda han, seier Kjeldsen, som også tykkjer Major verkar som sjarmerande og gøyal hund.

Joe Biden er 77 år, og viss han blir valgt blir han den eldste presidenten USA har hatt. Då er det nok viktig for han å vise fram at han er i god nok form til å ha ein stor og livleg hund.

Ikkje snill

Men den noverande presidenten, Donald Trump, har altså verken hund eller andre kjæledyr. Trump er ikkje så oppteken av å verke snill, slik presidentar i USA vanlegvis er, fortel filosofiprofessoren Kevin Cahill.

– Han gjer ikkje noko forsøk på å presentera seg sjølv som snill, seier han.

President Donald Trump er den første presidenten på hundre år som ikkje har ein hund. (AP Photo/ Evan Vucci)

Vil hundeelskarane vinne?

Det er kan hende ikkje så lurt av Trump. For å bli president i USA må ein prøve å vise seg fram som ein person mange kan like. I USA er det større skilnadar mellom korleis folk har det og kva dei meiner enn i Noreg, men hundar er noko dei fleste har sansen for.

Så spørs det da: Vil hundeelskarane gjenerobra det kvite huset i november?