Kor stor var eigentleg Tyrannosaurus Rex?

Kongen av dinosaurane var kanskje ikkje så mektig likevel.

Ei gruppe forskarar frå heile verda har sett nærare på dei siste hundre åra med dinosaurforsking. No trur dei at den kjende rov-dinosauren ikkje var så stor som ein tidlegare har trudd, skriv Kids News.  Kanskje var vekta berre halvparten av det ein så langt har trudd.

Å finne ut av vekta til dinosaurane, som døydde ut for over 65 millionar år sidan, er ikkje så lett, ettersom alt som finst igjen av dei er knoklane. Men forskarane har no funne ein ny og meir treffsikker måte å gjere det på.

500 pakkar kjøtdeig

Før trudde ein at Tyrannosaurus Rex vog så mykje som 18 tonn, medan ein no reknar med at dinosauren hadde ei gjennomsnittleg vekt på rundt sju tonn. Det er likevel snakk om ein temmeleg stor skapning. Ein Tyrannosaurus Rex var 12 meter lang, og 6 meter høg og kunne ta ein jafs på 230 kilo med kjøt i gongen. Det er like mykje som 500 pakkar med kjøtdeig!

Kan du mykje om T-Rex og andre dinosaurar? Test deg sjølv i denne quizen!