– Taket på 50 gir ikkje meining

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier at Noreg må ta sin del av dugnaden etter at Moria-leiren brann på Lesvos.

– Det som har skjedd på Moria er ein akutt katastrofe. Og då er min bodskap klar. Noreg skal stille opp på det, vi skal ta vår del av dugnaden, sa Jonas Gahr Støre på Arbeiderpartiet sitt landsmøte.

FOTO: Jarvin Jarle Vines / CC BY-SA

Regjeringa, med statsminister Erna Solberg og Høgre i spissen, har sagt at dei kun vil hente 50 flyktningar til Noreg. I leiren er det over 12.000 som ikkje har ein stad å bu. Mange meiner 50 menneske er altfor få.