Over to millionar menneske har flykta frå Ukraina

FN har ikkje sett ei større bølgje av flyktningar i Europa sidan andre verdskrig på 1940-talet.

Tal frå FN slår fast at over to millionar menneske har flykta frå krigsråka Ukraina sidan krigen braut ut den 24. februar. Dei fleste av desse menneska har reist til Polen, men nokre har også reist til Romania, Slovakia og Moldova.

Organisasjonen seier at dei ikkje har sett ei større bølgje av flyktningar i Europa sidan andre verdskrig. Krigen i Ukraina kan føra til flyktningkrise, viss den ikkje snart tek slutt.

Les også: Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?

Flyktningane har ressursar

FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, fortel til VG at mesteparten av dei som har flykta ut av Ukraina no, er menneske som har ressursar, nettverk og kontaktar i landa dei flyktar til.

Likevel kan dette fort endra seg.

– Viss denne krigen held fram, gud forby, vil me sjå flyktingar som ikkje har kontaktar eller ressursar, seier Filippo Grandi.

1000 flyktningar til Noreg

Tidleg denne veka opplyste justis- og beredskapsminister, Emilie Enger Mehl (Sp), at Noreg har tatt imot omlag 1000 flyktningar frå Ukraina. Det skriv NRK.

Under barnas pressekonferanse om krigen, oppmoda kunnskapsminister Tonje Brenna alle barn om å ta godt vare på dei som kjem frå det krigsramma landet.

– Eg håpar at alle som får nye barn i klassen frå Ukraina, hugsar på å ta dei veldig godt imot. Ver litt ekstra snill, nysgjerrig og inkluderande, sa Brenna.