TikTok har sloppe kritisk søkelys

Den populære appen TikTok er ikkje vurdert av norske styresmakter, sjølv om fleire andre land er kritiske.

Verken Nasjonal tryggingsstyresmakt, Politiets sikkerhetstjeneste eller Datatilsynet har vurdert TikTok, skriv NTB. Appen med to milliardar brukarar er kinesisk eigd.

India har innført forbod mot 59 kinesiske appar, inkludert TikTok. USA vurderer å gjere det same. EU, Storbritannia, Nederland og Danmark vurderer alle no kva dei skal gjere med TikTok, skriv N24.

Frykta er at Tiktok kan brukast til innsamling av opplysningar, mellom anna om barn. Myndigheitene i dei ulike landa er redd opplysningane kan havne i kinesiske myndigheiter sine hender.